06.09.2015

Guds dom – Guds råd og Guds frelse.

Fra Misarepta.no/
Av Johannes Kleppa.

Det har oppstått ein nokså intens debatt i kjølvatnet av boka «22.juli-profetien». Denne debatten har to sider ved seg. Det eine er det reint teologiske, det som gjeld synda og Guds dom her i tida. Det andre gjeld korleis ein forstår og omtalar det, som skjedde på Utøya i lys av Gud – Hans vilje, kjærleik og allmakt.

Det siste skal ein vera varsamd med å seia noko bestemt om, fordi denne hendinga er ikkje omtalt i openberringa i Bibelen, motsett av det, som gjeld dei domshandlingane, som der er omtalte.

Det første bør vi derimot seia noko om, og då ut frå openberringa i Skrifta, ikkje ut frå vår kjensler eller ut frå, kva vi meiner om, korleis Gud er eller bør vera, og med det korleis Han handlar eller bør handla.

I denne saka, som i så mange andre, er det lett for å ta med berre delar av det, Bibelen seier, og då det som stemmer beste med vår eiga oppfatning, eller det som samsvarar best med oppfatninga i tida.

Det er ein tendens til, at ein distanserer seg frå GT, og einsidig talar ut frå NT. Det skjer trass i, at NT seier, at det som skjedde i Israel, ikkje minst knytt til Guds domshandlingar, er skrive til førebilete og formaning for oss (1 Kor 10:1-12).

Det vert gjerne også sagt, at vi er sette til å forkynna frelsa i Kristus. Det er rett, men den same Apostelen, som skriv, at han ikkje vil vitna noko anna enn «Kristus Jesus, og Han krossfest» (1 Kor 2:2), han skriv også, at han er utan skuld om nokon går seg vill, fordi han har forkynt «heile Guds råd» (ApG 20:26).

Når vi les heile Guds råd, altså heile Bibelen, er det ikkje tvil om, at Gud straffer og dømer her i tida, særleg folk og nasjonar. Bibelen framstiller seg dessutan som éi bok, slik at vi må lesa heile Guds råd, om vi skal få eit sant og fullstendig gudsbilete.

Gud er ikkje annleis i NT enn i GT, men openberringa av Han er tydelegare i NT enn i GT, fordi der møter vi Gud i Kristus, og med det får vi oppfyllinga av lovnadene.

Vi ser ikkje berre skuggen, men sjølve saka. Då er det også heilt tydeleg, at det er Kristus, og Han krossfest, som er sentrum og det, alt anna skal gå ut frå og føra attende til – men alt skal vera med.