01.08.2015

Når handling overkjører læra.

Fra Misarepta.no/
Av Johannes Kleppa.

"Det ser vi stadig døme på i kyrkja, sist ved biskop Per Arne Dahl. Han seier, at han Meiner, ekteskapet etter Guds ord er mellom mann og kvinne, men samstundes vil han ordinera ei kvinne til prest, trass i at ho lever i lesbisk «ekteskap."

Det syner seg stadig, at teorien om, at det er to likeverdige syn på homofilt samliv og likekjønna «ekteskap» i Den Norske kyrkja, er ein illusjon. Der eit syn ber i seg ein praktisk handling, er det i realiteten umogleg å halda oppe to likeverdige syn. To diamentralt motsett syn fører til handlingar, som ikkje kan utøvast samstundes. Som ein ikkje samstundes kan ha ein kvinneleg prest og ikkje ha det, kan ein ikkje samstundes ha likekjønna «ektepar» og ikkje ha det. Antan har ein de,t eller så har ein det ikkje.

Den som av Bibelske overtydingsgrunnar er imot, kjem då under samvitspress. Der ein skal praktisera to motstridande syn samstundes, leitar ein etter kompromiss eller måtar å koma rundt problemet på, for i det heile å kunna leva med situasjonen og verka i samanhengen.

Det ser vi stadig døme på i kyrkja, sist ved biskop Per Arne Dahl. Han seier, at han Meiner, ekteskapet etter Guds Ord er mellom mann og kvinne, men samstundes vil han ordinera ei kvinne til prest, trass i at ho lever i lesbisk «ekteskap».

Det grunngjev, han med dei to syna biskopane har vedteke, kan leva side ved side i Den Norske kyrkja, og med at biskopen skal verka til einskap i kyrkja. I praksis gjev han her motparten sitt syn forkjørsrett, og han tenkjer om einskap på ein måte, som legg ansvaret for splittinga på dei, som ikkje på denne måten vil «sameina» dei to syna. Han devaluerer sitt eige syn på ekteskapet til ei lære som har berre teoretisk interesse.

Ekteskapet mellom mann og kvinne er ikkje ei samvitsak, som forpliktar på det praktiske planet i høve til andre oppfatningar. Dette er den sikre vegen til å undergrav den Bibelske læra om ekteskapet, og la den nye og Ubibelske læra om likekjønna «ekteskap» få råderommet.

Biskopens argumentasjon og handlemåte er å skygga banen, og la motparten få leggja prinsippa for praksisen. Det kan ein berre gjera, når saka betyr lite for ein sjølv, altså når det ikkje er samvitsovertyding i Guds Ord, som er basis for eige standpunkt.